OBS!
Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.
Raudt-leiar invitert til Venezuela
null
Ei gruppe folk frå ulike grasrotrørsler møtte i dag Raudt-leiar Torstein Dahle for å drøfta utviklinga i Venezuela. Torstein Dahle var tydeleg imponert over korleis det Venezuelanske folket bygde opp sine eigne sosialistiske institusjonar og organisasjonar:
-- Det er imponerande å sjå at folket i Venezuela har klart å ta makta og halda på den. Me har mykje å læra frå Venezuela, seier Torstein Dahle. Han var spesielt interessert i korleis lokalsamfunna sjølv organiserte alt frå produksjon av matvarer til helsestell.
Dahle vart invitert til Venezuela av leiaren for solidaritetsarbeidet mellom Noreg og Venezuela, William Rodríguez. Rodríguez håper at Dahle vil ta turen til landet i mai, då det er venta bråk og uro etter at ein tv-stasjon vart fråteken lisensen etter brot på lisensvilkåra.
Dahle seier at han skal gjera alt for at han eller nokon andre frå partiet reiser til Venezuela i mai.